Referat frå styremøte
Tidspunkt
22. Sep 2025 kl. 19:00
Sted
Kommunehuset
Til stede
- Kristian Blindheim
- Liv Signy Gjeitnes Hellen
- Stig Holmstrøm
- Nina Nergård Karlsen
- Vidar Venås
- Ragnhild Tandstad
- Gitte Vinther
- Tone Syltebø
Referent
Tone Syltebø
Saker
-
Godkjenning av innkalling, sakliste og protokoll
Godkjent utan merknadar
-
Evaluering av valkamp
Vi evaluerte valkampen med utgangspunkt i spørjeskjema utsendt frå fylkeslaget.
Under er ei oppsummering av synspunkta som kom fram.Vi opplevde at hovudbodskapen "Trygghet for framtida" kom veldig tydeleg fram. Alle tenkte at den traff veldig godt i den urolege tida vi lever i no. Det kom godt fram at AP står for trygg styring og er eit parti som tar ansvar.
Formuesskatten tok for mykje plass i valkampen. Likevel viste debatten rundt formuesskatten veldig tydeleg kva som er skilnaden på høgre- og venstresida i norsk politikk og at AP har fokus på fellesskapsløysingar. Utenrikspolitikken fekk ein del merksemd. Der var AP veldig tydelege.
Litt oppsummert om ressursbruk i valkampen:
AP lokalt har lite pengar å drive valkamp for. Det er mange ting vi kunne gjort viss vi hadde meir pengar å drive valkamp for. Denne valkampen var det i Vestnes mykje betre tilgang på sentrale politikarar enn det har vore tidlegare. Det var bra. Materiell til utdeling ordna vi sjølve. Vi brukte pengar på roser. Det må vi halde fram med. Det er ein svært god måte å komme i dialog med folk på. Andre parti hadde meir variasjon i valkampmateriellet enn det Ap hadde. Vi er usikre på effekten av å ha slikt materiell, men ein bør ta ei vurdering av det fram mot neste val.Innsatsen på sosiale medium:
Lokalt: fungerte veldig bra. Kristian har gjort ein kjempejobb her. Den største utfordringa lokalt er at vi ikkje er på TikTok. Det er viktig at vi er synlege på alle plattformer.
Nasjonalt kom bodskapen også veldig tydeleg fram. Enkelte i styret meiner at bodskapen vart litt for repeterande. Andre meiner det betyr at vi då har greidd å vere konsistent i kommunikasjonen.Kva fungerte best av direkte veljarkontakt og digital kommunikasjon? Her var styret litt usikre, men alle var einige om at det definitivt er kjekkast med direkte veljarkontakt. Vi trur eigentleg også at det er det som fungerer best. Rekruttering av medlemmar er enklast ved direkte kontakt.
Dei gode menneskemøta gjennom direkte kontakt med folk vart opplevd som motiverande. Enkelte vart også motivert av å møte motstand (t.d. i debatten om formuesskatten). Gode målingar gjorde valkampen ekstra kjekk.
Det er viktig å vere synleg på ein positiv måte gjennom heile valkampen. Det er viktig å starte tidleg med valkamp og å inkludere og involvere alle som ønskjer å delta. Det er lurt å legge opp til aktivitetar som fleire kan bidra med. Det er ikkje alle som er komfortable med å stå på stand. Vi må vere synlege også utanom valkampen. Det er viktig å invitere til folkemøte som er interessante for mange, ikkje berre for medlemmar.