TRYGG STYRING – STERKE FELLESSKAP

Denne gjengen stilte til val for Vestnes Arbeiderparti i kommunevalet og er klare for å ta over styringa i Vestnes.

Vi får til meir saman enn kvar for oss. Noreg sin veg frå eit fattig samfunn til eit rikt land handlar aller mest om eit sterkt fellesskap. I fellesskap skal vi utvikle Vestnes. Vi har mange store oppgåve framføre oss. Vi skal løyse dei saman - kommune, næringsliv, frivillige organisasjonar og innbyggjarar. 

Kommunen utgjer grunnmuren i velferdssamfunnet vårt, med særleg ansvar for skule, helse og eldreomsorg. Vestnes Arbeiderparti vil ha offentlege tenester av høg kvalitet  som er tilpassa kvar og ein sitt behov.

Vestnes har i snitt høgare pengeforbruk enn mange andre kommunar. Å få kommuneøkonomien på rett kjøl må prioriterast høgt. Vi må lukkast med å redusere utgiftene. Samstundes må vi heve kvaliteten på tenestene vi leverer. Eit godt samarbeid med tilsette og at vi blir betre på å rekruttere og vidareutdanne er viktig for å lukkast.

Nedanfor finn du programmet vårt for perioden 2023-2027 og også ein kortversjon.

Vestnes Arbeiderparti program 2023-2027 Langversjon.pdf 639,2 KB Kortversjon av program.pdf 216,8 KB