Styremøte
Tidspunkt
7. Apr 2025 kl. 00:00
Sted
Kommunehuset
Til stede
- Kristian Blindheim
- Gitte Vinther
- Vidar Venås
- Karl Edvard Bredeli
- Nina Nergård Karlsen
- Stig Holmstrøm
- Kenni Dogbey
- Liv Signy Hellen
- Tone Syltebø
Referent
Tone Syltebø
Saker
-
Godkjenning av sakliste og protokoll frå førre møte
Godkjent utan merknadar.
-
Besøk frå Utdanningsforbundet ved Thomas Småge
Thomas Småge frå Utdanningsforbundet orienterte om utfordringar i utdanningssektoren i Vestnes. Han var mellom anna innom følgjande tema:
- bygningsmessige utfordringar ved fleire av skulane
- utfordringar knytt til rekruttering, med særleg fokus på barnehagesektoren der ein opplever at pedagogane søkjer seg over i skulen eller til dei private barnehagane. Ein av grunnane er arbeidsvilkåra i barnehagane, både når det gjeld fleksibilitet knytt til avspasering og ferie og lønsvilkår.
- utfordringar knytt til skifte av læringsplattform i skulane
- mangel på fysiske læreverk -
Aktivitetsplan
Kristian og Nina har utarbeidd forslag til aktivitetsplan. Lenke til planen er sendt ut på e-post. Det blir ei ny innspelsrunde i styret via e-post før den blir landa.
-
Besøk av Tonje Brenna
Tonje Brenna kjem på besøk til Vestnes 10. juni klokka 10.30-12.30.
I styremøtet kom det fleire forslag på korleis besøket bør leggast opp. Kristian og Liv Signy jobbar vidare med dette. -
Spørjeundersøking til medlemmar
Det blir sendt ut spørjeundersøking til medlemmane av Vestnes Arbeiderparti der dei får moglegheiter til å komme med innspel på kva dei ønskjer seg av aktivitetar i partiet.
-
Orientering frå fylkesårsmøtet
Kristian orienterte kort om saker som var oppe på fylkesårsmøtet i partiet.
-
Arrangement 30. april og 1. mai
30. april vert det arrangement på Vestnes Fjordhotell. Astrid Hoem kjem truleg for å halde appell/tale. Arrangementet startar klokka 20.00. To band skal spele og Norsk Folkehjelp stiller med vakter.
1. mai vert det arrangement på Myra med Vidar Venås som konferansier. Gert Rietman (fylkesleiar i SV), Geir Inge Lien (stortingsrepresentant SP) og Kenni Dogbey (Vestnes AUF) held tale. Arrangementet startar klokka 11.00. -
Verving
Saka vart utsett til eit seinare møte.